Jon i Dar

Tuesday, December 20, 2005

God Jul frå Dar

Hei igjen.
Nå sidde eg i bare boxeren, alle vindu på vidt gap og skriv julamail. Det er litt spesielt å ikkje reisa heim til mor og far på julaferie, ikkje har me snø og kulde, og nettene er lika lange så då me kom til Dar-es Salaam for 2 månadar sidan. Heldigvis var me hjå vise-ambassadøren igår på julakaker og julasangar. Han hadde piano med europeisk lyd og dobbel aircon i ståvå, så me fekk nokon små drypp med julastemning.

Me har hatt det travelt etter at swahilikurset var ferdigt for halvannan månad sidan. Me har lagt 1150 forskjellige julakort med bilde av ungar frå dei forskjellige skulane me arbeider med. Desse blei sendt til Noreg og Strømmestiftelsen sine hjertevenner for tre veker sidan. Det stora problemet var å skaffa bilde av alle ungane, for det er ikkje kvar dag dei har tid/gidd/får lov til å gå på skulen. I tillegg er ein del av dei som har bytta skule eller måtte gå eit år om igjen, to elevar var døde. Me får litt slike opplysningar frå lærarane, men den beste kilden er faktisk å ha opprop i klassen og dersom meir enn tre elevar meine at eleven har slutta/bytta eller er død, så er det slik. Til lærarstaben sitt forsvar kan eg tilføya at på eine skulen er det 2800 elevar og mindre enn 50 lærarar. Det endte opp med at me tok bilder om dagen og arbeide med photoshop om kvelden. Måtte i tillegg fungera som teknisk konsulent i forbindelse med valg av/leiting etter trykkeri. Engineeren kan alt i Afrika, til Per sin store fortvilelse. Han er utdanna lærar.

Har vore på tur til Zanzibar ei helg. Fekk med oss KRIKtrening kl seks på laurdagsmorgon. Fantastisk bra stemning og enormt høgt nivå på dei individuelle ferdighetane. Blanding av muslimar og kristne, og alle ba til sin Gud. Viktig med ein møteplass der alle er velkomne, når muslimar og resten av gjengen ikkje er så gode venner i forbindelse med valg og styre av øya. Gjekk oss vill i Stonetown fredagkvelden kl tolv, og det var ganske spennande. Det er ein labyrint å finna fram i, og vanskelig å finna veien når ingen snakke engelsk og me ikkje snakke swahili. Søndagen var me på ei øy like utanfor byen der det bur ein stor familie landskilpadder og det var nokon fengselsruinar. Fengselsruinane var stengt for oppussing??!

I byrjinga av desember var me i Uganda på in-field kurs. Ei veka med andre Hald-studentar, norsk sjokolade og hotell, og fantastisk temperatur. I tillegg fekk me med oss rafting på Nilen og strikkhopp på samme staden. Moromoro.

Var ein dag på nationalcamp i CHRISC Tanzania. Fekk med oss finalar og fekk sitja på podiet under premieutdelinga som representantar for den Norske ambassaden. Lærte diverse kamprop på Swahili, og fekk snakka med to norske fysioterapeutar som arbeide med MYSA i Nairobi. Enormt mange skader, ingen hemningar i taklingane, så dei to hadde ei travel tid. Det spelarane ville ha som behandling for skader var smertestillandetabl. og varmekrem, vanskelig å få forklart at det viktigaste etter ein overtråkk er å ta det med ro.

Siste vekene har vore forholdsvis rolige. Me var på immigrasjonskontoret for å få eit stempel i passet og det tok ca. to timar å få fiksa. Var på middag i hjå ein familie og opplevde Tanzaniansk gjestfrihet, prøve å skriva ei oppgåva om elektrisitetsforsyninga i landet og et middag på taka-awayen meste kvar dag. Igår oppdaga eg at dei hadde grillspyd, ikkje berre den grilla geita som er Per sin favoritt. Me kjenne kelnerane, kassadama i butikken, han som selg frukt og eit par taxisjåførar. Så me begynne å få eit normalt liv med rutiner og venner. Sjølv om det er problem med avtalar og afrikansk tid, eg har ikkje vendt meg til at folk ikkje gjer beskjed dersom dei ikkje møter opp på ein avtale.

Eg har vore litt småsjuk dei siste to vekene, så dei av dykk så ber kan gjer det. Dei som ikkje ber kan jo sjekka ut nokon bilder på Planane framover er mottagelse i den iranske ambassaden imorgon, landskamp mot Japan på torsdag og reise til Zanzibar på fredag. Skal feira jul og nyttår der saman med ACT Nowera frå Uganda og kanskje saman med ein journalist frå Ål.

Til slutt eit par drypp ifrå u-lands Jon:
Planlegg å slutta å støtta Coca-Cola, og begynna å støtta fattige kaffibønder. Har funnet eit betre argument for kaffi enn Torstein har klart å koma opp med i Trondheim iløpet av dei siste fira åra. Kjøp varer som er produsert i utviklingsland, betal litt ekstra for rettferdig handla varer, Max Havellar ol. Kjøp biff frå Botswana istaden for kjøtt produsert og subsidiert i EU. Kvar melkeku i EU før 2,5 $ dagen i subsidier, for ca 1,7 milliardar menneske er det det dei har å leva for kvar dag. På vei til Mbale i Uganda kjørte me forbi store sukkerrørplantasjer, men sukkeret dei brukte på barneheimen me besøkte var Dan-Sukker. Det var billigare enn lokalt sukker sjølv om det er produsert i Danmark og frakta heilt ned til Uganda.

Ikkje gløym å les julaevangeliet iløpet av Jula.

God Jul

jon


Per og Lars Kåre et julakaker hjå Ambassadøren


På TakeAwayen får me sjølv velga kva kylling me vil eta. Mulighetane sitt kontinent


Møtte Billy sin store og trege familie på Zanzibar.
(Billy er skilpadda mi heima på Nærbø)


Morpeus, Jon og Morgan Freeman arbeide for Strømmestiftelsen i Dar


Slik såg det ut når me var på skulane for å ta bilde. Kaos.


Petro Meshack er beste veiledaren me kunne fått. Me var i bryllupet hans 6 november, stor stas.


Checadansen var eit konsept Per fant opp for å få ungane til å smila på bilde. Hopp og rop checa som betyr å le på Swahili.


Per og Katti fanga inn med 450mm telelinsa. Digital Speilrefleks er kjekt.


I dette stryket var det bare eg som datt ut av båten. Gamal og ustødig


Strikkhopping var mykje kjekkare enn eg hadde trudd, sjølv om me ikkje fekk dypa hode i Nilen


Etiopiskmat var veldig skuffande, lefsa var sur og kjøttet kaldt. Og flettene var flunka nye


Per med ny Ipod og ny sveis på Blue Mango


Pick me...
Besøkte ei øy der det budde mange foreldrelause sjimpansar.


Ei møllspist løva i sliten dyrepark i Kampala, Uganda.


Oppvarming under Nationalcamp.


Dei gjer alt, alltid!!


Og vise meir idrettsglede..

Per møtte ein journalist frå Ål